TINDEFJELLET / HAVALD-TREDE (STOR HAVADALEN) - 1774 METER

KART LODALSKÅPA BLAD 1418 IV
KARTREFERANSE LP975 607
VANSKELIGHETSGRAD VANSKELIG (KLATRING)
KOMMUNE STRYN

Denne beskrivelsen er stilt til disposisjon av Frank-Jakob Sandbakk. Se også flere bilder fra området og les flere artikler på denne internettsiden: http://home.online.no/~aa-romid/

Når ein står utanfor Hjelle hotel på Hjelle i Oppstryn og ser rett sørover er det Tindefjellet som dominerar utsikta. Denne bratte, sylskarpe tinden er det geologane kallar ein nunatakk, og dette inneber at fjellet etter alt sannsyn låg over isen under siste istid. Dette ber fjellkvaliteten diverre noko preg av, då frostsprenging har sørga for at fjellet her er noko laust. Men det er ikkje kvalitetsklatring som har lokka folk til denne toppen, men derimot den alpine karakteren, den flotte anmarsjen, den utrulege utsikta og den fantastiske naturopplevinga. Tindefjellet er òg det einaste fjellet i Stryn og omegn der ein må klatre for å komme opp, og dette har vel medvirka til at det går litt prestisje i å ha satt sin fot på toppen.

Adkomst:
Det enklaste og raskaste er å starte frå Jostedalsbreen Nasjonalparksenter på Fosnes i Oppstryn, ca 15 min køyring frå Stryn i retning Otta. Parker ovanfor vegen ved infotavler om gamle Strynefjellsvegen. Herfrå følger ein natursti opp til Fosnessætra. Vel 500 meter etter denne kan ein krysse elva via ei nyare bru. Følg deretter elvebredda til ein er på høgde med hengedal på venstre side, og ta til venstre, og opp i denne via dei opne grasryggane. Når ein er oppe, tek ein til høgre opp lite markert, og noko utsatt sti mot Tafsehynna. Når terrenget legg seg, hald mot venstre til du når eit slags skar. Her bør ein nyte utsikta før ein fortset vidare. Hald til høgre oppover dei to smale ryggane. Siste del av ryggen må ein unngå å komme ut på snøen, då denne skjuler enorme bresprekker store delar av året. Vel oppe på ryggen fortset ein lett østover i småkupert terreng til ein står ved innsteget(ca 1,5km). 
Denne anmarsjen er svært lang og tung, og tek fort 4-5 timar. Sjekk kartet på førehand. Her bør ein merke seg at på enkelte kart er Tindefjellet kalla Havald-tredet.

Alternativ anmarsj går via Skåla, men denne krev brekunnskap og ditto utstyr. Start i Loen og følg merka sti til toppen av Skåla(3-4 timar i normalt tempo). Fra toppen av Skåla følgjer ein toppryggen nordaustover og tek ned til høgre i enden av denne. Kryss breen herfrå i tau, og ta deg inn på Tindefjellsryggen i første skar. Herfra følgjer ein ryggen bort til Tindefjellet slik som beskreve ovanfor.


Selve klatringen:
Som eg var inne på, er fjellkvaliteten på Tindefjellet diverre av den lause sorten og dette fører sjølvsagt til at ein må bevege seg svært forsiktig. Noko anna litt spesielt med ruta, er at ein i første og andre taulengde må klatre nedover til skaret,(rappell er ikkje å foretrekke, då egga er for smal) noko som kanskje kan verke avskrekkande på nokon. Ein klatrar samme taulengder ut igjen, men denne gangen oppover. For å komme frå toppen og nedatt i skaret må ein rappellere. Bruk egne slynger til fester, stol aldri på gamle slynger. Vi har valgt å ikkje teikne noko topo over ruta men denne verbale beskrivinga burde halde:

1.taulengde(grad 3, 50m).: 
Start godt til venstre på tindefjellsryggen, følg dieder ned på amfi og følg dette til høgre mot stor splitta steinblokk og klatre gjennom "splitten". Deretter ned hammer til stand. Luftig lengde!

2. taulengde(grad 4, 50 m.): 
Følg egga rett fram og ned svært laus kant før ein klatrar ned fin og fast, men og bratt hammer. Stand i skaret.

3. taulengde(grad 4-, 45m.): 
Følg dieder opp fra skaret 2-3 meter til høgre for pillarkanten. Fin klassisk klatring. Følg deretter hyllesystem oppover mot høgre. Laust! Stand ved blokker.

4. taulengde(grad 3, 35m.): 
Fortsett oppover mot høgre og opp to fine dieder til ein når toppryggen, luftig og fint inn til tydelig hylle med stor blokk. Stand i/ved blokka.

5. taulengde(grad 4/4+, 35m.)
Opp gjennom eksponert bulk/takoverheng mot venstre(rutas crux, godt sikra). Følg eggen vidare oppover gjennom diederformasjonar en til to meter til venstre for egga. Stand i stor blokk på toppen. Følg deretter egga lett bortover til varden. Legg gjerne igjen helsing i matboksen som ligg nede til høgre i varden.


Retur:
Gå fra toppen bort til siste stand. 50 meter rappell herfra ned til hylla under. Deretter usikra ned litt utsatt renne til neste feste. Dette er på den markante hylla, ca 10 meter nedover mot høgre, og kan vere litt vanskelig å få auge på ovanfrå, så dette kan vere verdt å legge merke til på vegen opp(klatrar forbi det på 3.taulengde). Fra denne hylla bratt rappell(20m) ned til skaret. Fra Skaret to taulengder tilbake til Tindefjellryggen.
Deretter retur ned til Fosnes samme veg som opp. Alternativ retur går bort til Skåla, men siste bakken opp til toppen kan vere svært så tung mot slutten av ein lang dag. Hugs tau over breen!

Nødvendig utstyr:

  • 2 x 50m tau

  • 1 kilesett

  • 3-4 mellomstore kamkilar

  • 7-8 kortslynger + nokre 120 slynger

  • 2 slynger à 3m til rappellfeste

  • Hjelm! 

 

Generelt:
Tindefjell er verna i henhold til norsk lov om nasjonalparkar, så vi vil derfor be alle som ferdast her om å ta med gamle slynger ned igjen, slik at nestemann på ruta får ein ein følelse av mest mogleg uberørt natur. 

Ellers er dette ein flott tur i meget storslagent alpint terreng. Til tider fin og klassisk klatring, men taul. 1, 2 og 4 samt slutten på 3. er dominert av svært laust fjell. Ein tur ned i "Holet" under skaret kan vere å anbefale(dette er eit hol tvers igjennom heile Tindefjellryggen). Bruk kun egne slynger til rappellfeste. Forventa turtid(inkl. tur/retur) 12-14 timar.

Klatringa er svært utsatt og seriøs i dårlig vêr eller under dårlige forhold(for eksempel nysnø, sterk vind).

I og med at dette er ein lang tur som lett kan bli prega av stress, så er turen flott å ta over to dagar, der ein anten ligg i telt oppe på Tindefjellsryggen eller overnattar i Skålatårnet og tek siste stykket bort til skaret om morgonen. For dei som er godt kjent og som har krefter til overs, kan det óg vere å anbefale å fortsette heilt over til Bødalssæter. Da får ein ein tur ein aldri gløymer. Men som eg nemnde så bør ein vere kjend i dette området, då nedgangen til Bødalssæter er svært skummel dersom ein går feil.