|
Jostedalsbreen på langs på ski:
Det er tidleg morgon i Erdal. Skodda ligg enno over dalen, og det vil gå fleire timar før sola kjem over dei høge fjella. Det er midt i mai og grønt overalt, men likevel ganske kjølig.
Vi er i ferd med å starte på Jostedalsbreen på langs, ein skitur over 3 dagar. Erdal er ein djup dal som startar ved
Strynsvatn og går inn til nordenden av breen. Den første timen går vi langs ein god sti med skia på sekken. Eit stykke etter Erdalssetra kjem første utfordringa, ein bratt kant opp til Erdalsbreen. Etter dette er motbakken berre lang, og i jamn rekke går gruppa oppover. Eg merkar at eg set pris på skifellane. Sekken er såpass tung at eg ikkje ville klart å henge med utan godt feste.
Jostedalsbreen er den største breen på det europeiske fastlandet. Frå nord til sør er den over 90 kilometer lang, og det samla arealet er rundt 500 kvadratkilometer. Ned frå Jostedalsbreen går det om lag 25 brefall, deriblant dei kjende breane
Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen og Nigardsbreen. Dei fleste turistar ser berre desse brefalla. Vi skal opp på toppen og gå langs toppen av breen. På det høgaste kjem vi opp i nesten 2000 meters høgde. Når starten og slutten ligg på rundt 100 meter over havflata så forstår ein at stigninga blir hard. Jostedalsbreen er også verna som
nasjonalpark, og det er ingen hytter vi kan bruke undervegs. Det betyr at vi må bære med oss telt, kokeutstyr og mat for alle dagane.
Vel oppe på toppen av Erdalsbreen ser vi for første gong Lodalskåpa (2083
moh), også kalt dronninga av Jostedalsbreen. Det er målet for den første dagen. Når vi no ser oss tilbake ned Erdalen er all skodda borte. Vi står midt i alt det kvite og ser ned att i den grøne dalen vi forlot for 3-4 timar sidan.
Den neste utfordringa er å kome seg ned Lodalsbrekka. Føraren vår gjev beskjed om at vi må halde godt til høgre i første del for å unngå sprekker. Til no har gruppa vore godt samla, men her blir det meir synleg kven som har prøvd seg ned bratte bakkar med stor sekk før. Vel nede tek vi ein lenger stans. Det er blitt ettermiddag og vi står framfor den største utfordringa på turen. Vi skal no gå innknytt i tau opp det berykta brefallet Småttene.
For stemninga si skuld får vi høyre historia om dei to forskarane frå Noregs vassdrags- og energiverk som var på tur her på 60-talet. Dei hadde tau med, problemet var berre at tauet låg i sekken. Når den eine då plutseleg forsvann gjennom ei snøbru så var det sjølvsagt han som hadde tauet i sekken. Kameraten fekk ikkje kontakt og måtte fare ned til Jostedalen for å hente hjelp. Men avtandane er store og han kom ikkje fram før seint på kveld. Leiteaksjonen vart difor ikkje sett i gong for tidleg neste morgon. Når leitemannskapa kom fram sendte dei ned eit tau for å sjå om det var nokon som tok i mot. Og utruleg nok var det liv nede i sprekka. Mannen vart berga, med berre mindre skader. Han hadde landa på ei hylle langt nede i sprekka, og hadde klart å kome seg i soveposen. Der heldt han seg brukbart varm i løpet av natta. Men sekken mista han- Den kom fram nedst i Småttene midt på 90-talet og er no utstilt i Breheimsenteret i Jostedalen.
Etter denne historia var spenninga på topp når vi gjekk i gang med Småttene. Rundt oss ser vi sprekker, og vi veit at det er sprekker under oss også. Om vinteren fyk sprekkene til slik at det ligg snø over dei. Dette snølaget kan bli ganske tjukt. Utover våren og sommaren smeltar snøen og dei såkalla snøbruene blir tynnare og tynnare. Om dei held vekta vår er ikkje alltid godt å vite, difor går vi med tau og selar. Føraren går først i tauet og sjekkar snøbruene der han er meiner det kan være farleg. Eit øyeblikk lurer eg på kva vi skal gjere viss han ramlar ned i ei sprekk, men slår tanken frå meg.
Seint på ettermiddagen når vi toppen av Småttene. Vi er no midt mellom Lodalskåpa (2083 moh) og Brenibba (2018). Vi går vidare inn i noko som vert kalla Ståleskardet. Det er ein diger vindskavl. Når vi kjem ut på andre sida set vi opp telta og nyt kvelden. Nokre av dei aller sprekaste tek turen opp på Lodalskåpa og kan nyte utsikta til havet i vest og Jotunheimen i sør-aust.
Leirlivet er nokså spesielt på ein slik bre. Telta vert sett opp på snøen, og vi ligg 3 eller 4 i kvart telt. Det er ikkje særleg romsleg, men etter ein lang dag på ski søv vi tungt og godt. Vi har fått melding om å ta med nok brennstoff til å smelte snø både til drikke og til middag. Dette kan ta fleire timar. Vi er difor veldig glade når vi finn rennande vatn i fjellsida ovanfor Ståleskardet. Føraren vår fortel at dette er ein av dei få plassane på turen vi er rimeleg sikre på å finne vatn.
Neste dag startar også grytidleg. Det er tyngre i dag, alle bakkane i går sit framleis i beina. Men fordelen no er at vi er på 1800 meters høgde allereie. No er det lett gange utover breen. Det er slakke bakker og lange flater. Lunsjen tek vi på Kjenndalskruna. Frå denne toppen kan vi sjå rett ned i Kjenndalsbreen og ut heile Lodalen. Denne dalen vart i 1905 og i 1936 utsett for to av dei største naturkatastrofene i landet. Begge gongane raste Ramnefjell ut og traff Loenvatnet. Det skapte ei flodbølge som slo innover land og la hus og dyrka mark aude. Til saman omkom om lag 130 personar, dei fleste på Nesdal og i Bødal. Etter den siste ulukka flytta alle frå Nesdal, og berre ein bonde vart att i Bødal. Han som freista skjebnen valde å bygge opp att gården i god avstand frå vatnet.
Også på andre sida av breen har det foregått dramatiske ting. Rundt 1750 vaks heile Jostedalsbreen kraftig. Dette vart kalla den vesle istida. I bygdene rundt breen var det då uår, med kalde somrar og lange vintrar. Særleg kjent er Nigardsbreen som vaks så kraftig at han i følge sagnet tok med seg heile 9 gardar før han stoppa. Historiegranskarar har funne ut at det neppe var så ille, men den tok iallfall med
seg ein gard. Det som uansett er sikkert er at den vaks svært fort i ein del år.
No går det jamt oppover til vi når det høgaste punktet på breen, Høgste Breakulen (ca 1950
moh). Herifrå er det jamt nedoverbakke til Kvitekoll og Ramnane. Etter Ramnane ser vi ut over Oldedalen. Her nede ligg det mest kjende brefallet på Jostedalsbreen. Briksdalsbreen har kvar sommar rundt 250 000 besøkande. Dei synes nok breen er enorm der den veltar ned og fyller heile dalen. Frå der vi står ser vi at dette berre er ein forsvinnande liten del av heile breen.
Frå Ramnane er det ganske lett å kome seg vidare mot Bings Gryte. Dette er ei vindhole som ligg akkurat der breen er på sitt smalaste. Her tek vi kveld og nyt solnedgangen som fargar toppane i Jotunheimen raude.
Siste dagen tek til med ein liten, bratt bakke før vi ser sørover siste del av breen. No skal vi ned mot Supphellebreen og Flatbrehytta. Vi stikk oppom Supphellenipa og ser ut over Sogn og Jotunheimen. Deretter er det fint driv nedover lange, slake bakkar til vi tek oss ut av breen like ovanfor Flatbrehytta. Denne hytta ligg berre nokre meter frå Flatbreen. Patentføraren Anders Øygard bygde den første hytta her oppe. Han bar alt han trengte på ryggen over 1000 høgdemeter frå garden sin nede i dalen.
Patentførararordninga var noko Den Norske Turistforening (DNT) administrerte. Lokale bønder kunne få patent på ei rute, og dermed einerett til å ta betaling for å føre folk denne vegen. Prisen på ein tur vart fastsett av DNT, og patentføraren plikta å ta ein viss del av turistane sin bagasje. Dei fleste patenta vart delt ut frå sluttan av 1800-talet og fram til krigen. Etter krigen er det berre delt ut nokre få patent, slik at det i dag nesten ikkje er nokon som kan kalle seg patentførar. Dette kunne føre til såpass bra inntekt at nokre bønder kunne leige inn drengar til å ta seg av all gårdsdrifta medan dei sjølve var oppe på breen.
Ned frå Flatbrehytta kjem den brattaste nedoverbakken. Enkelte vel å ta av skia her. No kjem vi ned i den grøne, varme dalen igjen. Etter tre dagar med vinter og snø er det godt å kome tilbake til våren.
Denne turen er nok draumen for mange. Det krevst ikkje noko anna enn normalt god fysisk form. Viss du har vore litt på tur med tung sekk og kan å gå på ski så klarer du denne turen. Første dagen er den tyngste, då må du rekne med å bli grundig sliten når kvelden kjem.
Av utstyr treng du vanleg friluftsutstyr for vinterbruk. Jostedalsbreen ligg utsett til for raske ver-skifter. Ein kan godt oppleve sommar og varme ei stund og full vinter litt seinare.
Det er ikkje anbefalt å gå turen utan førar. Fleire stader må ein være merksame på sprekker, og nokre stader krevst det sikring ved hjelp av tau og selar. I tillegg er det svært krevjande å orientere på Jostedalsbreen. I dårleg ver må ein gjerne treffe små vardar for å kome seg vidare. Dersom ein går heilt feil kan ein risikere å gå utfor eit stup eller ned eit brefall.
Ein flink førar må både kunne sikringsteknikk og orientering. I tillegg må han kjenne til aktuelle nedgangar i tilfelle dårleg ver. Viss du skal på tur så sjekk at føraren er godkjent breinstruktør i Norsk Fjellsprotforum (NF) og at han har gått turen før.
Har du lyst til å gå denne turen?
Bl.a. følgende firmaer gjennomfører denne turen:
Breoppleving DA
|